Helse Bergen gav ikkje forsvarleg helsehjelp

Statsforvalteren i Vestland har ført tilsyn med Helse Bergen, etter at ein pasient tok livet sitt medan han var innlagt på psykiatrisk akuttmottak i desember 2025.

Publisert 27.03.2026

Vi har konkludert med at helsetenesta ikkje var koordinert og tilrettelagt i samsvar med krava til forsvarleg verksemd. Helse Bergen har sett i verk forbetrande tiltak.  

Pasienten som døydde hadde forordna tilsyn ved observasjon kvart femte minutt gjennom natta, utan at dødsfallet vart oppdaga.

Helse Bergen varsla Statens helsetilsyn om den tragiske hendinga. Vi fekk saka overført og har hatt ein grundig gjennomgang av verksemda. Vi har mellom gjennomført stadleg tilsyn og intervju med leiarar og tilsette.

Statsforvalteren avdekka at helsepersonell og miljøarbeidarar ikkje alltid har same oppfatning av innhaldet i interne retningsliner og prosedyrar. Det er også grunn til å vurdere om retningslinene for observasjon bør reviderast.

Føremålet med tilsynet har vært å styrkje pasienttryggleik, kvalitet og tillit til helsetenesta. Statsforvalteren har ikkje funne grunn til å kritisere tilsette.

Kontaktpersonar: 

Bent-Are Hansen, ass. fylkeslege, tlf. 55 57 27 87/95 74 88 01  

Per Otto Svendsby, seniorrådgjevar, tlf.: 55 57 23 11/92 22 08 95  

Media som vil be om innsyn i vedtaket, kan sende e-post til oss eller søke gjennom eInnsyn. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.