Fagnettverk for tenester til personar med utviklingshemming

Utviklingssentera for sjukeheim og heimetenester (USHT) i Sogn og Fjordane og Hordaland inviterer til deltaking i CRPD-nettverket, eit fagnettverk for tilsette i kommunale tenester til personar med utviklingshemming.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.08.2022, Sist endra 08.08.2022

CRPD står for «Convention on the Rights of Persons with Disabilities»,  FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne.

Første samling i nettverket er 14.-15. september i Bergen, og påmeldingsfristen er 16. august.

Meir informasjon om samlingane, kontaktpersonar og påmelding finn du på heimesida til USHT Vestland Sogn og Fjordane.

Betre levekåra for personar med utviklingshemming

Nettverket er organisert som eit prosjekt over to år med åtte samlingar, og i prosjektgruppa er det representantar frå Senter for omsorgsforskning, Vest (SOFV), Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming (NAKU), Høgskulen på Vestlandet (HVL), Norsk forbund for utviklingshemmede (NFU), Statsforvaltaren i Vestland og Kommunesektorens organisasjon (KS).

Nettverket si overordna målsetting er å betre levekåra for personar med utviklingshemming gjennom å styrke fag- og tenesteutviklinga, i tillegg til kompetanseheving hos tilsette som yter tenestene.

Deltakarane vil mellom anna få inngåande kjennskap til relevante rettleiarar, konvensjonar og faglege anbefalingar, og praktisk bruk av desse, rettleiing i innføring av nye tiltak lokalt, erfaringsdeling med fagpersonar i andre kommunar og tilgang til fagmiljø som deltek i prosjektgruppa. Målgruppa er fagpersonar som har ein fagleg rolle i tenestene, til dømes fagkoordinatorar, fagrådgjevarar, fagleiarar og einingsleiarar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.