Er det risiko for ufrivillige utanlandsopphald og negativ sosial kontroll blant barn og unge i din kommune?

Nokre barn og unge opplever å bli tekne med til utlandet mot sin vilje, eller å bli haldne tilbake i utlandet etter ein ferie. Vi har alle eit ansvar for å forebygge og fange opp barn og unge som blir utsett for uakseptable og straffbare handlingar.

Publisert 21.05.2025

Eit ufrivillig utanlandsopphald kan for nokre innebere at dei blir utsette for negativ sosial kontroll, æresmotivert vald, barneekteskap, tvangsekteskap, kjønnslemlesting, eller andre former for vald og overgrep.

Fleire departement har sendt ut brev med kontaktinformasjon og rettleiing om du er bekymra for eit barn. Brevet har informasjon om tiltak som offentleg tilsette kan, bør eller skal sette i verk dersom dei er bekymra.

Heile brevet med rettleiing og kontaktinformasjon finn du under «Dokument».

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.