E-læringskurs om helsehjelp til papirlause migrantar

Kurset har som mål å støtte helsepersonell i å finne løysingar på praktiske og administrative utfordringar som kan oppstå når pasienten er ein papirlaus migrant.

Publisert 10.11.2025, Sist endra 10.11.2025

Kurset skal gje helsepersonell kunnskap og verktøy til å forstå handlingsrommet dei har for å gjere eigne helsefaglege vurderingar. Målet er eit ønskje om  å bidra til å redusere helseulikskapar og sikre at alle får den hjelpa de treng.

E-læringskurset er utarbeidd av Helsesenter for papirløse migranter i Oslo og Bergen, Norges Røde Kors, Lovisenberg diakonale høgskole og Senter for Migrasjonshelse (SEMI) i Bergen.

Du finn kurset på følgjande nettside: E-læringskurs om helsehjelp til papirløse migranter - Kompetansebroen

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.