Avgjerder i klagesaker mot Barne- og ungdomsklinikken i Helse Bergen

Hausten 2021 fekk Statsforvaltaren i Vestland eit stort antal klager på helsehjelp ved Barne- og ungdomsklinikken (BUK) ved Haukeland universitetssjukehus. Vår konklusjon er at BUK i hovudsak har overordna god styring på lovverk og retningsliner, og at helsehjelpa var forsvarleg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.07.2022

Klagene handla mellom anna om lovgrunnlaget for meldingar til barnevern og politi, manglande forsvarleg helsehjelp og kritikkverdig framferd. Vi fann fleire mogelege forbetringsområde. I eitt tilfelle fann vi brot på teieplikta ved melding til politiet.

BUK driv forsvarleg verksemd

Vi har handsama elleve av tretten mottatte klager som eigne tilsynssaker, og innhenta uttale og opplysningar frå BUK. Vi har òg utarbeidd ei samla vurdering der vi gjer greie for overordna konklusjonar, og ei heilskapleg vurdering av tenesta og BUK sine retningsliner og organisering. I denne tok vi òg omsyn til opplysningar i dei to klagene som ikkje vart handsama som eigne saker.

Helsepersonell har lovpålagte plikter som i nokre tilfelle kan gå imot foreldra sine ønske og oppfatningar. Dersom helsepersonell har grunn til å tru at det ligg føre alvorleg omsorgssvikt, har dei meldeplikt til barnevernet. Dei kan og ha plikt til å melde politiet for å avverje skade.

Statsforvaltaren har vurdert helsehjelpa opp mot helselovgjevinga. Vi har funne at BUK i hovudsak har overordna god styring på lovverk og retningsliner på feltet og utøver fagleg forsvarleg behandling.

Lærings- og forbetringspunkt for eininga

Etter å ha gått gjennom omfattande dokumentasjon meiner vi at det er grunnlag for forbetring av praksis på enkelte område. Dette er delvis område som tenesta sjølve har peika på bør endrast.

Vi har bedd BUK om å vurdere og følgje opp følgjande punkt:

  1. BUK bør klargjere i interne rutinar og retningsliner korleis familiar skal varetakast ved mistanke om omsorgssvikt og melding til politi og barnevern.
  2. Det bør som regel vere to medarbeidar til stades i samtaler med foreldre som omhandlar vanskelege tema, som mistanke om omsorgssvikt og bekymringsmelding til barnevern og politi.
  3. Journalføringa kan bli betre kring kven som har vore konsultert og kva vurderingar som er gjort ved mistanke om omsorgssvikt.
  4. BUK har mangla god styring på oppheving av sperringar i journal når dette ikkje lenger er naudsynt. Dei bør sikre betre rutinar på feltet.

Saka gir godt grunnlag for forbetringsarbeid på eit viktig felt, og kan ha læringsverdi også ved andre einingar i sjukehuset.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.