Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Askøy-dødsfalla: mannen fekk forsvarleg behandling

Mannen som politiet mistenker at drap mora si, og seg sjølv, fekk forsvarleg behandling i helsetenesta i forkant av hendinga. Det viser tilsynet Fylkesmannen har gjort.

Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.

Publisert 30.10.2020

Fylkesmannen har avslutta tilsynet med mannen sin fastlege og privatklinikken der mannen fekk behandling. Vi har kome til at mannen fekk forsvarleg behandling frå fastlegen og privatklinikken i forkant av hendinga.

Mannen og mora hans vart funnen døde i heimen sin på Askøy 18. juli i år. Grunna alvoret i saka, starta Fylkesmannen tilsyn på eige initiativ med fastlegen og seinare privatklinikken. Vi innhenta journalen til mannen frå fastlegen, klinikken og Helse Bergen HF.

Slik det kjem fram i journalen frå fastlegen, fekk mannen oppfølging i tråd med gjeldande retningsliner og god praksis. Mannen var diagnostisert med kronisk utmattingssyndrom, og saka illustrerer kor krevjande det er å pålegge fastlegen eineansvar for utgreiing, diagnostisering og oppfølging av pasientar med denne tilstanden. Fastlegen vert ofte ståande aleine med ansvaret for ein alvorleg sjuk pasient.

Mannen hadde ikkje vore til behandling hos privatklinikken i år og vi har difor ikkje merknader til behandlinga han fekk frå klinikken i år.