Rapport om sosial ulikskap i helse

Ein ny folkehelserapport viser at vi har vedvarande sosiale helseforskjellar i levealder, ungdom med låg sosioøkonomisk status slit psykisk, og det er langt meir røyking blant personar med kortare utdanning i Noreg.

Publisert 13.03.2023, Sist endra 18.08.2023

Dette kjem fram i ekspertrapporten som har undersøkt skilnader innan helse i Noreg sidan 2014.

Rapporten viser mellom anna at:

  • Det er fleire år i forskjell på levealderen til dei mest privilegerte samanlikna med dei mest vanskelegstilte. Avhengig av kva indikator ein brukar, så kan det vere så mykje som 7,3 for menn og 5,5 for kvinner.
  • Ungdom med foreldre med låg sosioøkonomisk status slit oftare psykisk.
  • Røyking er fem gongar vanlegare blant personar med låg utdanning enn personar med høg utdanning.

Les heile pressemeldinga på regjeringa.no.

Rapporten inneheld tilrådingar og lovande praksis for å utjamne helseforskjellar, både på nasjonalt og kommunalt nivå. Rapporten er ein del av kunnskapsgrunnlaget for den nye folkehelsemeldinga.

På regjeringa sine sider kan du lese eit samandrag av rapporten, og rapporten i sin heilskap. 

Det er professor sir Michael Marmot, Institute of Health Equity ved University College London (UCL) som har leia arbeidet med rapporten, på bestilling frå Helsedirektoratet.

På NTNU sine sider kan du sjå opptak av lanseringsseminaret som var fredag 10. mars. 

Eit samandrag, oversett til norsk, finn du på heimesida til Helsedirektoratet. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.