Nettkurs i bruk av kvalitative data i folkehelsearbeid

Kurset er særleg retta mot dei som jobbar med folkehelse og utvikling av helsefremjande lokalsamfunn i kommune og fylkeskommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.12.2021

Målet med kurset er å bidra til å styrke kompetansen din om kvifor og korleis du kan nytte kvalitative data for å sikre eit systematisk og kunnskapsbasert folkehelsearbeid.

Kurset består av fem modular med filmar med døme frå praksisfeltet, og refleksjonsoppgåver du kan gjere sjølv eller helst saman med kollegaer.

Det er Høgskulen i Volda på oppdrag frå Helsedirektoratet som har utvikla nettkurset.

På nettsida til Høgskulen i Volda finn du nettkurset. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.