Nasjonal likestillingskonferanse 2024

Tema for likestillingskonferansen 5. mars er korleis vi kan legge til rette for likestilte og berekraftige lokalsamfunn. Du kan delta digitalt.

Publisert 02.02.2024

Arbeid med likestilling og sosial berekraft lokalt handlar om å ta alle sine ressursar i bruk på ein best mogleg måte, og legge til rette for like moglegheiter for alle. Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og kultur- og likestillingsdepartementet som arrangerer konferansen.

På konferansen blir det mellom anna lansering av eit e-læringskurs om arbeid med likestilling, inkludering og mangfald i offentlege tenester og oppgåver.

Tidspunktet for konferansen er 5. mars frå 09.00-13.00. Du kan delta både fysisk og digitalt på konferansen. Opptak av konferansen blir tilgjengeleg i etterkant.

For meir informasjon, påmelding og program, sjå nettstaden til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.