Mange kommunar manglar handlingsplan mot vald i nære relasjonar

Vald i nære relasjonar skjer i eit betydeleg omfang og er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Førebygging er viktig.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.12.2020

Kartlegginga som Fylkesmannen gjorde denne hausten, viser at mange av kommunane i Vestland ikkje har handlingsplan mot vald i nære relasjonar.

33 av dei 43 kommunane i Vestland svara på kartlegginga. Av desse har 19 kommunar handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Fire svara at planen er under arbeid og seks at dei skulle byrje arbeidet.

Kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar kan bidra til å koordinere arbeidet betre og fremje tverrfagleg samarbeid og sikre eit heilskapeleg tilbod til valdsutsette. Fylkesmannen skal bidra til at kommunane styrker innsatsen mot vald og overgrep, og sikrar valdsutsette eit heilskapeleg krisesentertilbod.

Førebygging av vald og overgrep er ei tverrsektoriell oppgåve og eit av dei prioriterte satsingsområda i 2021.

For meir informasjon, sjå følgjande handlingsplanar, stortingsmeldingar og krisesenterrettleiar:

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.