Frisklivssentralane bidreg til auka livskvalitet
Ein ny rapport frå Helsedirektoratet viser at tilboda i frisklivssentralane når dei rette gruppene og gir pasientane betre fysisk og psykisk helse.
Publisert 10.10.2025
Helsedirektoratet har utarbeidd rapporten på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, og konkluderer med at med at frisklivssentralane er eit konstnadseffektivt verkemiddel mot ikkje-smittsame sjukdomar.
Heile rapporten kan du lese via denne lenkja: Arbeidet i og effekt av tilbudet i kommunale frisklivssentraler - Helsedirektoratet
Frisklivssentralane har potensial til å styrke den helsefremjande og førebyggjande innsatsen i kommunehelsetenesta, og Helsedirektoratet føreslår mellom anna å styrke frisklivssentralane.