Nominasjon til den nasjonale Leve hele livet-prisen frå Vestland

Det regionale støtteapparatet for Leve hele livet har nominert Øygarden til den nasjonale prisen for 2022.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.09.2022

Leve hele livet-prisen er Helse- og omsorgsdepartementet sin pris til ein kommune som gjennom kvalitetsforbetringsarbeid kan vise til både planlagde og gjennomførte aktivitetar og gode resultat under Leve heile livet sine innsatsområde. Utdelinga av prisen blir lagt til den nasjonale Leve hele livet-konferansen 16. november.

Det regionale støtteapparatet i Vestland meiner at Øygarden fyller nominasjonskriteria for prisen.

Øygarden har jobba systematisk med folkehelseoversikt og kunnskapsgrunnlag, planstrategi og samfunnsdel. Dei har også hatt ein god prosess knytt til berekraftsmåla i planarbeidet sitt.  

Kommunen er godt i gong med implementering og gjennomføring av tiltak i Leve heile livet, gjennom politisk vedtak og forankring. Hovudsatsingar i kommunen kjem fram i temaplanen for Leve heile livet. Uavhengig av om ein bur heime eller på institusjon, så kan eldre delta i tilbod som kan motverke einsemd, styrke helsa, auke trivsel og tryggleik.

Det er elles også skissert mange og viktige tiltak i handlingsdelen til temaplanen. Desse tiltaka viser ein aktiv kommune som gjev mange og gode tilbod  i alle tre kommunedelsentra, og inneber lågterskel aktivitet og samkvem med andre. Fleire av Leve heile livet-tiltaka har er no teke i varig drift i kommunen.

Metodikkar i planarbeidet med vurderingar av kva mål som er vesentleg for kommunen, har satt kommunen i stand til å jobbe på tvers. Det har også ført til at Leve heile livet ­vert ein samfunnsreform, og ikkje berre ein helse- og omsorgsreform.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.