Korleis går vi frå Leve heile livet til Bu trygt heime?

Bli med på konferansen 4.-5. oktober. Få ny kunnskap om den nasjonale satsinga Fellesskap og meistring  - Bu trygt heime, og få innblikk i kunsten å bli eldre. 

Publisert 17.08.2023, Sist endra 21.08.2023

Statsforvaltaren og det regionale støtteapparatet for Leve heile livet i Vestland inviterer til konferanse om Leve heile livet, Bu trygt heime og Demensplan 2025, på Sandsli i Bergen.  Trond-Viggo Torgersen og Kristopher Schau rundar av konferansen med temaet kunsten å bli eldre. Vi arrangerer denne hausten ein felles konferanse for heile Vestland. 

Dei to dagane byr på variert program rundt innsatsområda i den nye stortingsmeldinga Fellesskap og meistring - Bu trygt heime. Vi vil presentere stortingsmeldinga, sett i samanheng med Leve heile livet og den nye folkehelsemeldinga. Du får også ny kunnskap om, mellom anna, demens og folkehelsa i Vestland, og gode døme og erfaringar frå det gode arbeidet som er gjort ute i kommunane.   

Heile programmet finn du under «Dokument».  

Konferansen kan inspirere tilsette og leiarar i kommunar og fylkeskommunen, politikarar, eldreråd, frivillige organisasjonar, utdanningsinstitusjonar, helseføretak og næringslivet.  

Meir informasjon og moglegheit for påmelding finn du i kurskalenderen til Statsforvaltaren.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.