Få ein god start på veka på nettverkssamling om aldersvenlege lokalsamfunn

Det er ei kjent sak at det er den som har skoen på, som veit kor den trykker. Dette er utgangspunktet for tre nettverks-webinar i år. Her blir det samtale rundt viktige, lokale tema. Kor aktiv du skal vere, bestemmer du sjølv.

Publisert 21.03.2024

Eit godt og velfungerande nettverk handlar om deling og tillit, og om at deltakarane ser nytteverdien av å vere med.  I Leve heile livet-satsinga vart eit nettverk for aldersvenlege lokalsamfunn etablert i Vestland. Det er ønskje om å vidareføra denne. I år vil vi prøve ein ny modell for nettverkssamlingane.  Her kan du dele, motta og få inspirasjon.

Din kvardag, i din kommune og ditt lokalsamfunn, skal løftast fram i webinara. Målet er at du skal gå frå samlinga med auka motivasjon, og med fleire verktøy for eige arbeid. Og kanskje finn du likesinna, som du vil ha nytte og glede av å samarbeide nærare med.

På nettverks-webinara får du råd for utfordringar i kommune din og du kan reflektere over aktuelle løysingar. Du kan dele og gje råd i ting din kommune har fått til, og få inspirasjon og innputt. Du kan ta med kaffikoppen, senke skuldrene, og snakke rundt det som opptek deg i jobben og kvardagen din.

Webinara er for kommunetilsette i Vestland, og andre med engasjement for lokalsamfunnsutvikling.

Vi planlegg samlingar på Teams følgjande datoar:

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.