Der Ungdommen Er

Der Ungdommen Er – DUE – er eit ubyråkratisk barnevernstiltak og bu- og nærmiljøtiltak i Bergen kommune. Frå oppstarten i 2003 til mars 2022 har om lag 700 born, ungdommar og deira familiar motteke miljøterapeutisk oppfølging gjennom DUE-tiltaket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.08.2022

Idégrunnlaget til DUE er å hjelpa ungdom som treng koordinerte tenester, der dei er, når dei treng det. I DUE er målet at dei unge skal vera i sentrum av sine eigne liv. Det er ungdommane sine behov for hjelp og oppfølging som styrer utforminga av tiltaka. Ein av suksessfaktorane er at bustadane vert framskaffa på den private leigemarknaden, der ungdommen sjølv ønskjer å bu.

Alle DUE-ungdommane har sin eigen DUE-koordinator med kompetanse tilpassa den enkelte ungdom sine ønsker og behov. Denne tilnærminga medverkar til ein fleksibilitet som gjer at tiltaket kan hjelpe ei differensiert målgruppe.

Målgruppa til DUE er born og unge (opptil 23 år) der eit eller fleire av følgjande kriterium er oppfylt:

  • står i fare for å utvikla problematikk som kvalifiserer til opphald i barnevernsinstitusjon
  • behov for oppfølging etter opphald i institusjon (barnevern, psykiatri og fengsel)
  • behov for oppfølging ved overgang til eigen bustad
  • behov for behandling (rus/psykiatri)
  • manglar eit meiningsfullt dagtilbod

Meir informasjon om DUE-tiltaket

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.