Opningstider i jula
Her kan du sjå når kontora våre i Bergen, Leikanger og Førde held ope i jula.
Publisert 17.12.2025
Bergen
Servicesenteret i Bergen heldt stengt frå 24. desember til og med 1. januar, med unnatak av måndag 29. og tysdag 30. desember. Opningstida desse dagane er kl. 10–14. Det er mogleg å avtale time for apostillestempel ved å ringe 55 57 20 50.
Leikanger
Servicesenteret i Leikanger held stengt frå 23. desember til og med 2. januar. Det vil ikkje vere mogleg å få apostille desse dagane. Du kan avtale tid for apostille etter nyttår ved å ringe 57 64 30 00.
Førde
Førde-kontoret held stengt frå 24. desember til og med 1. januar, med unnatak av måndag 29. og tysdag 30. desember. Opningstida desse dagane er kl. 10–14. Du kan avtale tid for apostille ved å ringe 57 64 32 95.