Webinar for barnehagesektoren

Tema er handtering og konsekvensar av koronautbrotet for barn og barnehagar, samt kompetansepakken om barnehagemiljø. Utdanningsdirektoratet er arrangør.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.04.2021

Webinara blir arrangert på plattforma Zoom og er ope for alle ved påmelding. Målgruppa er barnehageeigarar, styrarar og leiarar.
 
Det fyrste webinaret er 20. april og vil omhandle temaet handtering og konsekvensar av koronautbrotet for barn og unge. Ein vil sjå nærare på kva som skjedde då barnehagane stengte ned i mars 2020. Korleis takla dei ulike partane den nye situasjonen, og kan barnehagane og kommunane lære noko av måten barnehagane vart organisert på i perioden etter gjenopninga.

Det andre webinaret er 7. mai og vil omhandle kompetansepakken om barnehagemiljø. Utdanningsdirektoratet utviklar i 2021 ei kompetansepakke om trygt og godt barnehagemiljø. Dei to første modulane blir publisert i april, medan heile kompetansepakken skal være ferdig til november. I dette webinaret får du presentert innhaldet i dei to første modulane, samt korleis kompetansepakka vil sjå ut i si heilskap.

Påmelding og meir informasjon.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.