Samisk språk og kultur i barnehagen

Samiske barn har rett til å utvikle språket sitt og møte innhald som tek vare på samisk kultur. Alle barnehagar – uavhengig av om dei har samiske barn eller ikkje – skal synleggjere samisk kultur i kvardagen.

Publisert 18.12.2025

Kvifor er dette viktig?

Samiske barn og foreldre er ein del av Noregs urfolk, og vi har eit særskilt ansvar for å ta vare på språk og kultur. Barnehagen er ein nøkkelarena for identitet og tilhøyrsle. Når barn får møte samisk språk og kultur tidleg, styrkjer det både språkutvikling og sjølvkjensla.

Foreldre og barn sine rettar

Foreldre til samiske barn har rett til å medverke i utforminga av barnehagetilbodet, jf. barnehagelova §§ 1 og 2. Foreldre kan forvente at barnehagen tilpassar innhaldet til barnet sin samiske bakgrunn, og at det finst planar for korleis språket og kulturen blir ivareteken.

Felles ansvar

Statsforvaltaren

Vi skal rettleie om pliktene og følgje opp at regelverket blir etterlevd, slik at baret sine rettar blir ivaretekne i tråd med gjeldande lover og forskrifter.

Kommunen

Kommunen har det overordna ansvaret for at samiske barn får møte samisk språk og kultur, jf. barnehagelova § 2. Dette inneber å:

  • Informere om rettane til samiske barn.
  • Sikre at barnehagetilbodet til samiske barn legg til rette for språkutvikling og kultur.
  • Følgje opp og kontrollere at rettane blir oppfylt.

Barnehagen

Alle barnehagar skal synleggjere samisk kultur og tradisjon, men barnehagar med samiske barn har eit utvida ansvar for å tilrettelegge barnehagetilbodet jf. barnehagelova § 2 og rammeplan for barnehage. Dette inneberer å

  • Synleggjere samisk kultur i kvardagen gjennom språk, fortellingar, songar, markeringar og materiell.
  • Legge til rette for at barna får møte samisk språk i enga former.
  • Involvere foreldre i planlegging av tilbodet.
  • Dokumentere korleis språk og kultur blir ivareteke, til dømes i årsplanane.
  • Ha personale med kunnskap om samisk kultur og identitet.

 

Ressursar

Rammeplan for barnehagen – Rammeplan for barnehagen | udir.no

Udir: Samisk i barnehagen – Samisk i barnehagen | udir.no

Meld. St. 13 (2022–2023) – Meld. St. 13 (2024–2025) - regjeringen.no

Meld. St. 17 (2024–2025) – Meld. St. 17 (2024–2025) - regjeringen.no

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar