Barnehagerapportering – BASIL 2022

Alle barnehagar som er i drift 15. desember skal levere årsmeldingsskjema i BASIL. Kommunen skal kontrollere og godkjenne årsmeldingsskjema, og sjølve fylle ut opplysningar i «Kommuneskjema».

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.09.2022

Viktige datoar:

  • BASIL opnar for kommunen 18. november 2022
  • BASIL opnar for barnehagane 1. desember 2022
  • Kommunene godkjenner årsmeldingene for alle barnehagene og leverer sitt eige skjema 11. januar 2023
  • Statsforvalteren har frist for å kvalitetssikre årsmeldingsskjema 1. februar 2023

Kommunen set sjølv ein frist for når barnehagane skal ferdigstille rapporteringa si, og orienterer barnehagane om denne. Vi oppmodar om at de gir barnehagane ein frist som gjer at de sjølve er i stand til å overhalde dykkar godkjenningsfrist.

Kommunen skal purre på barnehagane som ikkje leverer innan fristen, eller som leverer eit mangelfullt eller feilaktig utfylt skjema. BASIL er tilrettelagt for at de kan purre ved å sende e-post til barnehagar som ikkje har levert innan gitt frist.

Barnehagen

Barnehagen informerer mellom anna om barnehagen si organisering, opplysning om tal barn i barnehagen, barn med nedsett funksjonsevne, spesialpedagogisk hjelp og teiknspråkopplæring i årsmeldingsskjema.

Kommunen

Kommunen skal passe på at dei opplysningane barnehagen har levert i årsmeldingsskjema stemmer overeins med informasjonen kommunen har om barnehagen. De må kontrollere opplysningane nøye. I år vil kommunane kunne sjå dei same advarslane som barnehagen ser, når dei leverer skjema. De kan eksportere utvalde data frå årsmeldingane til dømes til Exel for å sjå rapporteringa av fleire barnehagar samstundes.

Vidare skal kommunen fylle ut skjema med opplysningar om barnehagemyndigheita og foreldrebetaling i kommunen. Skjemaet finn de i BASIL under «Kommuneskjema». Opplysningane gjeld både kommunale og ikkje-kommunale barnehagar og omhandlar:

  • kommunen sine satsar for inntektsgradert foreldrebetaling og søskenmoderasjon
  • tal husholdningar og tal barn som har dekkes av desse ordningane
  • kommunen sin totale kostnad til inntektsgradert foreldrebetaling
  • kostnad til betalingsfritak for foreldre ved vedtak om spesialpedagogisk hjelp
  • eventuelt andre ordningar for reduksjon i foreldrebetaling

Statsforvaltaren si rolle under rapporteringa

Statsforvalteren skal ha oversyn med innsamlinga, gi fagleg rettleiing, purre på kommunar og kvalitetssikre innrapporterte data. Statsforvalteren gir administrasjonsrett til kommunen for UBAS-pålogging.

Meir informasjon om innrapporteringa finn de på Utdanningsdirektoratet sine sider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.