Utsett iverksetjing av enkeltvedtak

Barneverntenesta sine enkeltvedtak utløyser klagerett for den som er part. Dersom vedtaket fører til at parten ikkje lenger har rett på eit tilbod eller ei teneste, kan parten be om at vedtaket ikkje vert sett i verk før klagefristen er ute eller klagen er handsama.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.02.2021

Både underinstans, klageinstans og andre overordna organ kan avgjera at iverksetjinga av vedtaket skal utsetjast, jamfør forvaltningslova § 42 første ledd. Forvaltningsorgana kan utsetja iverksetjinga av vedtaket på eige initiativ eller førespurnad frå part.

Barneverntenesta kan til dømes bestemma at vedtak om avslutning av hjelpetiltak ikkje skal setjast i verk før ein eventuell klage er avgjort. Barneverntenesta skal leggje vekt på barnets beste i vurderinga av om vedtaket skal utsetjast. Les meir i saksbehandlingsrundskrivet.

Dersom barneverntenesta konkluderer med at vedtaket skal iverksetjast med ein gong, må det gjerast ei vurdering av om vedtaket er til ulempe for parten. I tilfelle må vedtaket innehalda informasjon om at parten kan be om utsett gjennomføring av vedtaket, jamfør forvaltningslova § 27 tredje ledd.

Dersom parten ber om utsett iverksetjing av vedtaket, må barneverntenesta treffa ei avgjerd snarast mogeleg. Avslag på førespurnaden skal grunngjevast samtidig med avslaget, jamfør forvaltningslova § 42 andre ledd. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.