Tilsyn avdekte alvorlege manglar i oppfølging frå barnevernet

Statsforvaltaren har avdekt alvorlege manglar knytt til mottak og oppfølging av bekymringsmelding i barneverntenesta i Bergen kommune. Det viser tilsynssaka etter at eit barn blei funne skadd i ei leilegheit i Bergen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.09.2022

Statsforvaltaren opna tilsyn med barnevernstenesta, på bakgrunn av medieoppslag om at eit barn på sju år var funne fastbunde og skadd i faren si leilegheit. Vi har undersøkt arbeidet som barnevernet gjorde frå første kontakt med familien og fram til barnet blei hasteflytta ut av heimen.  

Tilsynet har avdekt alvorlege manglar i praksisen til tenesta. Dette gjeld mottak av bekymringsmelding, og arbeidet i undersøkinga for å avklare omsorgssituasjonen til barnet , innan rimeleg tid.

Barnevernstenesta har ikkje gjort fagleg forsvarlege vurderingar av informasjonen i saka, barnet er ikkje snakka med, og dokumentasjonen av saka er mangelfull.  

Vi har bedt om ei tilbakemelding frå Bergen kommune om korleis leiinga vil følgje med på at praksisen som førte til lovbrota, blir retta opp.  Vi har bedt om tilbakemelding innan 25. oktober.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar