Slik finn du status for det kommunale barnevernet

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har utarbeidd ein kommunemonitor på barnevernsfeltet som gjer relevant styringsinformasjon lett tilgjengeleg for kommunar, barneverntenester og andre som er interesserte i status for det kommunale barnevernet.

Publisert 06.09.2019

Kommunemonitoren er delt inn i 25 relevante indikatorar som er fordelt på ulike tema. Ein ny indikator frå 2019 er informasjon om plassering i fosterheim i familie og nære nettverk. Monitoren er også oppdatert på ny fylkes- og kommunestruktur, inkludert nye kommunar etter kommunesamanslåinga.  

I monitoren finn du tal frå SSB, kommunane sine halvårsrapportering og fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Monitoren er oppdatert med KOSTRA-tal for 2018 og frå kommunane sine halvårsrapportering for 2. halvår 2018.

Det er òg laga ei eiga side der det kjem nyhender om kommunemonitoren.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.