Samtykke til koronavaksine til barn under offentleg omsorg

Regjeringa har etter ei anbefaling frå Folkehelseinstituttet bestemt å opne for koronavaksine til barn i alderen 5-11 år, og andre dose til 12-15-åringar. Det er barnevernstenesta som skal samtykke til koronavaksine for barn som kommunen har omsorga for.

Publisert 24.01.2022

Helsemyndigheitene vurderer at dei aller fleste barn ikkje har behov for vaksinasjon, fordi dei vil tole koronainfeksjon godt og få ein brei og langvarig beskyttelse mot nye infeksjonar, og risikoen for sjukehusinnlegging er svært låg. Det er likevel eit tilbod om vaksinering til dei som ønskjer det. Meir informasjon om Folkehelseinstituttet sine vurderingar kan du lese her.

Tilbodet om vaksinering vil anten gå direkte til føresette, eller som generell informasjon i kommunen. Vi gjer merksam om at det ikkje blir gjeve eit direktetilbod til barn gjennom skular og liknande, slik at barnevernet som har ansvar for barn under omsorg må oppsøkje vaksinasjonstilbodet.

Helsedirektoratet har tidlegare avklara at det er barnevernstenesta som skal samtykke til korona-vaksinering for barn dei har omsorga for, dette skrivet finn de her.

Barnevernstenesta bør gje skriftleg samtykke.

Om vaksine til barn under offentleg omsorg

I brevet frå Helsedirektoratet står det at ved omsorgsovertaking og akuttplassering av barn etter §§ 4-6 andre ledd, 4-8 og 4-12 er retten til å samtykke til helsehjelp lagt til barnevernstenesta, jamfør pasient- og brukarrettigheitslova § 4-4 fjerde ledd. Dette gjeld òg når dei biologiske foreldra framleis har foreldreansvar for barnet, slik som dei som hovudregel har.

Det vil dermed ikkje vere tilstrekkeleg med samtykke frå ein fosterforelder som følgjer barnet. Dette følgjer direkte av lovens ordlyd, og har òg ei naturleg samanheng med ansvarsfordelinga mellom barnevernstenesta og fosterheimen etter omsorgsovertaking. Fosterforeldre utøver den daglege omsorga på vegne av barnevernstenesta, men større spørsmål høyrer inn under barnevernstenesta sitt ansvar, jamfør barnevernlova § 4-18.

Informasjonsbrevet som vart sendt ut til alle landets kommunar, helseføretak og statsforvaltarar finn de her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.