Nytt samtaleverktøy styrker barn si stemme

Eit nytt samtaleverktøy for barn og unge i barnevernsinstitusjonar skal gjere det lettare for barn å formidle korleis dei har det.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.09.2019

Korleis få til ei god samtale med barn og unge som er i barneverninstitusjon? Svaret kan vere samtaleverktøyet HER BOR, som Fylkesmannen i Vestland no tek i bruk. Det er utvikla av Fylkesmannen i Trøndelag, som sidan januar har testa verktøyet under tilsynsbesøk hos barn i barnevernsinstitusjonar.

Samtaleverktøyet HER BOR er ein app som vi nyttar når vi er på tilsyn på barneverninstusjonar og snakkar med barn under 12 år. Målet med det digitale samtaleverktøyet er å styrke barnas stemme og involvering.

Les meir om samtaleverktøyet hos Fylkesmannen i Trøndelag.

Sjå video om prosjektet hos Statens helsetilsyn. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.