Ny rettleiar til hjelp ved tilstandsrapportering til kommunestyret om barnevern

Det nye forslaget til barnevernlov omfattar eit krav om at barneverntenestene skal gjere ei årleg tilstandsrapportering til kommunestyret. Bufdir anbefaler at ein allereie no startar arbeidet med å utarbeide ein tilstandsrapport i det kommunale barnevernet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.02.2020

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har utvikla ein nettbasert rettleiar til hjelp i arbeidet med å lage tilstandsrapportar for barneverntenestene. Rettleiaren inneheld blant anna råd og rettleiing til arbeidsprosess, innhald, kjelder, behandling av rapporten og ein mal for rapportering.

Formål

Eit av måla er å gje kommunestyret god innsikt i tilstanden, utviklinga og viktige problemstillingar for barneverntenesta i kommunen. Eit vidare mål er at kvaliteten i barnevernet sitt arbeid i større grad skal bli satt på dagsorden i kommunane.

Kvifor er tilstandsrapporten viktig?

Tilsyn med det kommunale barnevernet har vist at det i enkelte kommunar er ei utfordring at barnevernets arbeid er lite kjent blant lokale avgjerdstakarar. Bufdir skriv at ein god tilstandsrapport gjev både politikera, kommunetilsette og befolkninga innsikt i korleis barnevernet arbeidar og kva problemstillingar tenesta møter. Rapporten kan vere med å legge eit grunnlag for dialog om prioriteringar og forventningar.

Rettleiaren er under utvikling

Rettleiaren er under utarbeiding, så Bufdir set stor pris på innspel, forslag til forbetringar og spørsmål. Du kan ta kontakt med Bufdir via deira nettside.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.