Nær 80 millionar kroner til stillingar i barnevernet

I 2019 har Fylkesmannen i Vestland betalt ut 79 454 878 kroner i tilskot til det kommunale barnevernet. Dette finansierer i alt 109,5 stillingar i Hordaland og Sogn og Fjordane.  

Publisert 10.10.2019

Den statlege styrkinga av stillingar i det kommunale barnevernet starta i 2011, og tilskotet blir tildelt over Barne- og familiedepartementet sitt kapittel i statsbudsjettet.

Tilskotet for 2019 er øyremerkt 88,9 stillingar i Hordaland og 20,6 stillingar i Sogn og Fjordane.

Tabellen under viser korleis stillingane er fordelt på kommunane. 

Kommune Stillingar
Bergen 34,8
Stord/Sunnhordland 7
Askøy 6,5
Fjell 6
Os 5,475
Odda/Hardanger 3,975
Voss 3,5
Førde og Gaular 3
Kvinnherad 3
Osterøy 2,6
HAFS (Hyllestad, Askvoll, Solund, Fjaler) 2,3
Gloppen 2
Meland 2
Sogn barnevern (Balestrand, Luster, Leikanger, Sogndal) 2
Fusa 1,6
Austevoll 1,5
Flora 1,5
Stryn 1,5
Sund 1,5
Tysnes 1,5
Vågsøy 1,1
Bremanger 1
Eid 1
Gulen/Masfjorden 1
Høyanger 1
Jølster 1
Kvam 1
Lindås 1
Radøy 1
Selje 1
Sveio 1
Vaksdal 0,8
Samnanger 0,75
Naustdal 0,7
Austrheim 0,5
Hornindal 0,5
Vindafjord/Etne 0,5
Øygarden 0,5
Årdal 0,5
Granvin 0,4
Sum 109,5

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.