Korleis søke om fritak frå teieplikta?

Politi og advokat kan søke elektronisk om fritak frå teieplikt for vitne som skal forklare seg for politi eller domstol. Her finn du informasjon om korleis du søker.

Publisert 06.11.2019, Sist endra 28.05.2021

Når tilsette i barnehagar, skular, og barneverns- sosial- og helsetenester skal forklare seg for politi eller domstol, krevst det fritak frå teieplikta. Det same gjeld for dokument frå tenestene som skal nyttast under etterforskning eller rettssak.

Du bør sende oss søknaden tre veker før gjennomføringa av avhøyret eller rettssaka.

Her finn du lenkje til elektronisk søknadsskjema. 

Samtykke gjer søknad unødvendig

Du må spørje dei som har krav på hemmeleghald om dei vil frita vitnet eller dokumenta frå teieplikta, før søknad blir sendt til oss. Det gjeld berre viss det ikkje strir mot omsynet til pågåande etterforsking eller straffesak. Dersom dei samtykker, er det unødvendig å sende søknad til oss.

Innhald i søknaden

Vi har utarbeidd eit elektronisk skjema som vi oppmodar om å bruke til søknaden. Søknaden om fritak frå teieplikt må innehalde følgjande opplysningar:

  • Namn, fødselsdato, stilling og arbeidsstad for vitne
  • Namn og fødselsdato på partane i saka
  • Kva saka gjeld, kva vitnet skal forklare seg om og kvifor det er relevant for saka
  • Kvifor det ikkje ligg føre samtykke frå dei som har krav på hemmeleghald
  • Dato for forklaring og kva instans vitnet skal forklare seg for
  • Saksnummer for domstolen og tidspunkt for rettssaka
  • Uttale frå vitnet og leiaren til vitnet, om dei har innvendingar mot forklaring

Vårt samtykke gjeld som hovudregel både for etterforskinga og for eventuell framtidig rettergang i saka. Under «Dokument» finn du meir informasjon om korleis du søker fritak frå teieplikta. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.