Kven kan ta vare på eit barn som har rømt frå ein barnevernsinstitusjon?

Når eit barn har rømt frå ein barneverninstitusjon kan barnet unntaksvis ha mellombels opphald på ein annan institusjon.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.12.2019

Unntaket gjeld dersom den institusjonen barnet har rømt frå ikkje kan ta vare på barnet. Barnet må i slike tilfelle sikrast nødvendig omsorg og vern.

Mellombels opphald på ein annan institusjon kan vere til det beste for barnet.

Uavhengig av om barnet som rømmer blir teke hand om på ein akuttinstitusjon eller ein annan institusjon, må barneverntenesta vurdere om opphaldet vil vere forsvarleg.

Les meir i tolkingsfråsegna og vurderinga frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.