Korleis skal barnevernstenesta gå fram når dei mottek bekymringar for barn som ikkje er namngjevne?

Når barnevernstenesta får informasjon om bekymring for eit barn som ikkje er namngjevne, har dei ei plikt til aktivt å følgje opp bekymringa for å identifisere barnet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.09.2019

Korleis ein handterer bekymringsmeldingar som gjeld barn som ikkje er identifiserte ved namn kan vere ei problemstilling for barnevernet. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet understrekar at barneverntenesta ikkje utan vidare kan legga bort slike meldingar, med grunngjeving om at barna er anonyme. Barnevernstenesta pliktar å følgje opp bekymringa for å identifisere barnet.

Les meir i tolkingsfråsegna og vurderinga frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.