Foreldre kan ikkje klage på utlevering av opplysingar til barnevernstenesta

Barnevernstenesta kan hente inn opplysningar frå offentlege instansar. Partane i saka, som til dømes foreldra og barn over 15 år, kan ikkje klage på dette.

Publisert 12.02.2021

Barnevernstenesta kan i nokre tilfelle pålegge offentlege instansar å gi teiepliktige opplysingar med heimel i barnevernslova § 6-4 andre ledd. Instansen som må utlevere opplysingane, kan klage etter forvaltningslova § 14.

Personane opplysingane handlar om, som ein eller begge foreldra eller barn i familien, kan derimot ikkje klage. Det er fordi pålegget ikkje er eit enkeltvedtak retta mot dei, men ei prosessleiande avgjerd. Når barnevernstenesta avsluttar ei undersøking, konkluderer dei anten med at dei legger vekk saka eller at dei fattar vedtak om hjelpetiltak. Partane i saka, som vil vere ein eller begge foreldra og barn over 15 år, kan klage på utfallet av undersøkinga. Då kan dei få avgjort om pålegget om utlevering av teiepliktige opplysningar var gyldig.   

Sjå vårt brev til barnevernstenesta i Åsane og Arna, der vi skriv meir utfyllande om spørsmålet og relevante rettskjelder. Du finn brevet under «Dokument».

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.