Barneverntenesta kan ha samtalar med barn i barnehagen

Teieplikta til barneverntenesta er ikkje til hinder for at barneverntenesta kan be om å få snakke med eit barn i barnehagen.

Publisert 14.11.2019

Nokre gonger kan barneverntenesta ønske å snakke med eit barn i barnehagen for å undersøke omsorgssituasjonen til barnet.

Teieplikta er ikkje eit hinder

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet meiner at teieplikta til barneverntenesta ikkje skal vere eit hinder. Barneverntenesta kan informere barnehagen om at det er iverksett ei undersøking, og at det er behov for å snakke med barnet utan at foreldra er kjent med dette.

Personalet må vurdere om dei vil tillate samtalar

Barnehagepersonalet har plikt til å vurdere om dei vil tillate slike samtalar. Barnehagen må eventuelt gjere ei sjølvstendig vurdering av om ein slik samtale er til det beste for barnet.

Les meir i tolkingsfråsegna frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.