Tilskot til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar - 2021
- Søknadsfrist:
- 1. mai 2021 23:59
- Målgruppe:
- Tilskotsordninga gjeld for nykomne minoritetsspråklege barn og unge i grunnskolen og vaksne med rett til grunnskoleopplæring.
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Oppvekstavdelingen
- Kven kan søke:
- Kommunar med nykomne minoritetsspråklege elever kan søke
- Rapporteringsfrist:
- 10. desember 2021
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er tildelt 800 000 kroner som skal nyttast til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar i 2021. Tilskotsordninga gjeld for nykomne minoritetsspråklege barn og unge i grunnskolen og vaksne med rett til grunnskoleopplæring. Tilskotssatsen er inntil kr 1 750 per elev som det blir gitt symjeopplæring til. Andre kostnader må kommunen dekke sjølv. Tilskotet skal brukast i budsjettåret 2021.
Målet for ordninga
Målet er å redusere risikoen for drukningsulykker og å setje elevane betre i stand til å nå kompetansemåla i læreplanen. Det er eit mål i læreplanen at elevane skal vere symjedyktige etter 4. årstrinn.
Søknad om tilskot
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark utbetal tilskotsmidlar til kommunar etter søknad. Vedlagt søknadsskjema må fyllast ut og sendast til sfvtpost@statsforvalteren.no.
Føljande leggast til grunn:
- Kommunar med nykomne minoritetsspråklege elever kan søke
- Målgruppa er nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne som omfattast av grunnskoleopplæringa
- Kommunane vel sjølve kordan opplæringa skal organiserast
- Symjeopplæringa kan leggast til skoletida eller etter skoletida
- Satsen er inntil 1 750 kroner per elev
- Kommunane må dekke andre kostnader sjølv
Om tilskotsbeløpet
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark disponerar 800 000 kroner til dette formålet i 2021. Dersom ramma ikkje tilstrekkeleg for å innfri alle søknadane, kan det bli aktuelt justere ned tilskotssatsen.
Krav til innehald i søknaden
- Talet på elevar det søkjast om tilskot for
- Kort om korleis symjeopplæringa skal organiserast, og kor den skal gjevast
- Kontonummer midlane skal inn på
- Søknadsfrist:
- 1. mai 2021 23:59
- Målgruppe:
- Tilskotsordninga gjeld for nykomne minoritetsspråklege barn og unge i grunnskolen og vaksne med rett til grunnskoleopplæring.
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Oppvekstavdelingen
- Kven kan søke:
- Kommunar med nykomne minoritetsspråklege elever kan søke
- Rapporteringsfrist:
- 10. desember 2021
Kontaktpersonar
-
Selma Hadzic
Tlf: 33 37 24 28 / 99 44 76 61