Tilskot til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar - 2021

Søknadsfrist:
1. mai 2021 23.59
Målgruppe:
Tilskotsordninga gjeld for nykomne minoritetsspråklege barn og unge i grunnskolen og vaksne med rett til grunnskoleopplæring.
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Oppvekstavdelingen
Hvem kan søke:
Kommunar med nykomne minoritetsspråklege elever kan søke
Rapporteringsfrist:
10. desember 2021

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er tildelt 800 000 kroner som skal nyttast til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar i 2021.  Tilskotsordninga gjeld for nykomne minoritetsspråklege barn og unge i grunnskolen og vaksne med rett til grunnskoleopplæring. Tilskotssatsen er inntil kr 1 750 per elev som det blir gitt symjeopplæring til. Andre kostnader må kommunen dekke sjølv. Tilskotet skal brukast i budsjettåret 2021.

Publisert 08.03.2021

Målet for ordninga

Målet er å redusere risikoen for drukningsulykker og å setje elevane betre i stand til å nå kompetansemåla i læreplanen. Det er eit mål i læreplanen at elevane skal vere symjedyktige etter 4. årstrinn.

Søknad om tilskot

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark utbetal tilskotsmidlar til kommunar etter søknad. Vedlagt søknadsskjema må fyllast ut og sendast til sfvtpost@statsforvalteren.no.

Føljande leggast til grunn:

  • Kommunar med nykomne minoritetsspråklege elever kan søke
  • Målgruppa er nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne som omfattast av grunnskoleopplæringa
  • Kommunane vel sjølve kordan opplæringa skal organiserast
  • Symjeopplæringa kan leggast til skoletida eller etter skoletida
  • Satsen er inntil 1 750 kroner per elev
  • Kommunane må dekke andre kostnader sjølv

Om tilskotsbeløpet

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark disponerar 800 000 kroner til dette formålet i 2021. Dersom ramma ikkje tilstrekkeleg for å innfri alle søknadane, kan det bli aktuelt justere ned tilskotssatsen.

Krav til innehald i søknaden

  • Talet på elevar det søkjast om tilskot for
  • Kort om korleis symjeopplæringa skal organiserast, og kor den skal gjevast
  • Kontonummer midlane skal inn på
Søknadsfrist:
1. mai 2021 23.59
Målgruppe:
Tilskotsordninga gjeld for nykomne minoritetsspråklege barn og unge i grunnskolen og vaksne med rett til grunnskoleopplæring.
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Oppvekstavdelingen
Hvem kan søke:
Kommunar med nykomne minoritetsspråklege elever kan søke
Rapporteringsfrist:
10. desember 2021