Verneplanarbeid for 17 nye område

Mørkvassjuvet naturreservat
Mørkvassjuvet naturreservat Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark.

Statsforvaltaren varslar med dette at det er starta opp verneplanarbeid for 17 område som er aktuelle for vern etter naturmangfoldloven

Publisert 25.05.2023

Verneplanarbeidet gjeld areal der grunneigarane har kome med tilbod om frivillig vern av skog.  For sju av tilboda er det snakk om utviding av eksisterande naturreservat.

Statsforvaltaren har motteke desse tilboda om frivillig vern av skog i årene 2019-2021.

Verneplanprosessane for desse områda vil difor i hovudsak gå føre seg i 2023 og 2024. Det vil vere eit mål å tilrå nye reservat til Miljødirektoratet etter dette slik at dei kan kome med på framtidige vernevedtak. Det forutset mellom anna at forhandlingar om erstatning er avslutta i god tid før eventuelt vernevedtak, og at det er avsett midlar på statsbudsjettet til erstatningar til det frivillige skogvernet.

Synspunkt i samband med verneplanarbeidet kan sendast til Statsforvaltaren innan 5. juli 2023.

Vi ber om at fråsegner blir sendt oss på e-post til vårt postmottak:
sfvtpost@statsforvalteren.no 

Vi ber og om at avsendar presiserer kva for område uttalen gjeld for. Dette vil lette den vidare sakshandsaminga.
Formålet med denne meldinga er å få fram opplysningar om interesser i dei aktuelle områda.

Oversiktskart over områdene som det er meldt oppstart på.
Oversiktskart over områdene det er meldt oppstart på. Se bilde under hvor du finner samme nummer som på kartet, men her med navn på områdene.

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.