Røsaker naturreservat i Skien

Skien kommune fekk sitt 18. naturreservat 23. juni 2020

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.07.2020

Generelt            

Området ligg i Gjerpensdalen i Skien, vest til nordvest for Børsesjø og Gjerpen kyrkje, og rett sør for riksveg 32 over til Siljan. Naturreservatet omfattar heile eigedommen med restane av den nedlagde garden Røsaker søndre. 

Området har tidlegare vore hevda som beiteskog, og parti med litt tjukk jord som i dag er skog har nok tidlegare vore engstykker. Nærare Røsaker søndre er det alle grader av stadium med tilgroing, frå open engmark til skog. Fleire grove, til dels hole edellauvtrær (ask, lind, kanskje òg alm) har tidlegare truleg vore lauva/styvet. Nokon slike svært grove linde- og oskekjemper er over 1 meter i diameter. Trass i denne historia som beiteskog og hagemark, er det i dag ein god del død ved, både i den bratte lia i aust og i det kuperte terrenget i vest.

Topografi

Lokaliteten består av eit nokså opprevet-småkupert lavaplatå, med vest-vendt brattkant med stup nedanfor grensa/eigedomsgrensa i vest. I aust blir inkludert ein ny brattkant mot neste lavaplatå austafor lokaliteten. Brattkanten har små bergheng og noko rasmark. Sentralt, rett nord for restane av Røsaker søndre, er det nokså flate (eng)parti, med enkelte dammar og sumpområde, og dessutan ein bekk som renn nordover langs brattskråningen i aust.

Verneformål    

Formålet med naturreservatet er å verna eit område som har særleg verdi for biologisk mangfald på grunn av førekomst av store areal av frisk ask-alm dominert edellauvskog. Området inneheld òg velutvikla, tørrare eik-lindedominerte typar, og dessutan rike lågurtgran-/furu-utformingar og sumpskogar dominert av svartor og gråorask.

Området har særskilt naturvitskapleg verdi på grunn av den store variasjonen i naturtypar, ein rik karplanteflora og førekomstar av død ved

Naturfagleg kvalitet       

Området har særskilt naturvitskapleg verdi på grunn av den store variasjonen i naturtypar, ein rik karplanteflora og førekomstar av død ved.

Naturreservatet har nasjonal verneverdi (***).

Naturreservata i Skien

Lenke til faktaark i Naturbase

Røsaker naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003611

Persholknatten naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003127

Gunnborgdalen naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00001132

Svartefjell naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00000955

Burmannsfjellet naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003172

Orsjømyra naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00001129

Urdknuten naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003528

Børsesjø naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00001157

Lagmannskjær naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00001613

Heggemyr naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00000453

Skrim og Sauheradfjella naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00001832

Høgvollane naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003309

Mjøvann naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003108

Orrhanemyr naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00001153

Store Snipen naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003128

Eikelifjellet naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003171

Trolldalsfjellet naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003173

Linddalsliane naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003129

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.