28 naturreservat ligg i Larvik kommune

Kvelderønningen naturreservat vart verna 23. juni 2020, dette er Larvik sitt 28. naturreservat.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.07.2020

Generelt            

Kvelderønningen er eit mindre skogområde liggande om lag 44-260 meter over havet nord for Skjærsjøen i Larvik kommune, vest for Kvelde.

Topografi

Området utgjer dei sørvestvendte bratte lisidene nedanfor eit noko flatt åsparti. I vest og i aust er det to bekkedaler, og lokaliteten er i hovudsak avgrensa av fylkesveg 215 eller busetnad i nedkant.

Verneformål   

Formålet med naturreservatet er å verna eit område med rik edellauvskog og gamal barskog i låglandet, med dei naturleg forekommande artar, naturtypar og økologiske prosessar. Lågurteikeskog er dominerande vegetasjonstype i lisida og grove, gamle og delvis hole eiker finst spreitt. Området har førekomstar av fleire trua og sjeldne artar.

Naturfagleg kvalitet       

Det er avgrensa éin stor naturtypelokalitet av typen rik edellauvskog, som dekker store delar av reservatet. Området har mange treslag, og dominans av nokså rik vegetasjon og dessutan middels gamal skog.

Tidlegare er billefaunaen vorte kartlagt på utvalde stader. Det mest interessante funnet i denne artsgruppen er funn av fem trua billearter inkludert den sterkt trua hull-råtebille. Det er gjort få og spreidde funn av sopp knytt til død ved som dei nær trua artane ruteskorpe, kvit vedkorallsopp og almekullsopp.

Kvelderønningen naturreservat har regional verneverdi (**).

Lenke til oversikt over verneområdene i Larvik kommune.pdf

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.