Korpen og Sagkollen utvida med ca 3066 dekar

Eit av Larvik kommune sitt 28. naturreservat vart 23. juni 2020 utvida med ca 3066 dekar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.07.2020

Generelt            

Korpen naturreservat vart verna 13.12.02 i verneplan for barskog Aust-Noreg fase II. Utvidinga av området er nordover og får navnet Korpen og Sagkollen naturreservat.

Reservatet ligg søraust for Hvarnes mot kommunegrensa til Sandefjord.

Topografi

Utvidinga av området er prega av markerte åsar med til dels djupe, tronge dalar i mellom, og stedvis stupbratte, berglendte skråningar. Området strekker seg frå 40 metet over havet nede ved Lågen og opp i åspartier på 380 meter over havet i dei austlegaste delane.

Verneformål   

Formålet med naturreservatet er å verna eit større skogområde som økosystem med dei naturleg artane, naturtypar og økologiske prosessar. Området er særs variert med bar- og lauvskogtypar, derav rike edellauvskog, med stor grad av opphavleg preg og høg artsrikdom. 

Området inneheld trua og sjeldne artar, og dessutan rødlista vegetasjonstypar, og har særleg tyding for biologisk mangfald.

Naturfagleg kvalitet       

Området utgjer eit av dei største, samanhengande rike edellauvskogområda vi kjenner frå denne delen av fylket, og det er heller ikkje mange slike på landsbasis. Naturreservatet fangar òg bort imot heile spennvidda av (rike) edellauvskogtypar som opptrer i Vestfold. Særleg må framhevast førekomstar av svært rik og gamal bøkeskog (svært sjeldan) og større areal med svært frodig og artsrik ask- og almedominert skog, dessutan ein særleg rik, varmekjær eik-lindeskog, og parti med ein del grov, hol eik i Sagkollen.

Både rik lågurtbøkeskog og lågurteikekskog er rødlista som naturtypar, og alm og ask er rødlista (trua) som artar. Desse større førekomstane av edellauvskog representerer ein stor mangel i forhold til vern. Saman med det eksisterande Korpen naturreservat utgjer dette eit unikt område, eit kjerneområde for rik edellauvskog, med stor variasjon, inkludert òg viktige område med gamal barskog. 

Korpen og Sagkollen naturreservatet har nasjonal verneverdi (***).

Lenke til oversikt over verneområdene i Larvik kommune.pdf

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.