Utviding av Flisefyr og Hidalen naturreservat i Sandefjord

Utvidinga av Flisefyr og Hidalen naturreservat vart vedteke verna i statsråd 23. juni 2020.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.08.2020

Generelt            

Flisefyr og Hidalen vart første gong verna 26.06.2009. Området ligg nord og nordaust for det fraflytta bruket Svindalen, ca 15 km nord-nordvest for Sandefjord. 

Topografi

Topografien er variert. Søraustre del fell frå toppen av Flisefyr ligg på 276 meter over havet og vestover mot ein gjennomgåande skogsveg. Den midtre og nordre delen blir prega av småkupert kollelandskap, med Hidalen som eit gjennomgåande daldrag.

Ein kjørbar skogsveg frå Svindalen til Karistua kryssar området i søraust, og ein traktorveg/driftsveg frå Svindalen følgjer daldraget nordover mot Gvinningsmyr.

Verneformål   

Formålet med naturreservatet er å verna eit spesielt område med lauv- og barblandingsskog med sitt biologiske mangfald i form av naturtypar, økosystem, artar og naturlege økologiske prosessar.

Området har òg særskilt vitskapleg tyding som referanseområde, er eigenarta i form av at nesten alle viltvoksande treslag i landet finst her, og har stort innslag av edle lauvtreslag hvor bøk ofte er dominerande art. Dessutan er det god førekomst av død ved og mange sjeldne og sårbarearter. Det er ei målsetjing å behalda verneverdiene i best mogleg tilstand, og eventuelt vidareutvikla desse.

Flisefyr og  Hidalen naturreservat: Lågurt eikeskog ved Flisefyr.  Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
Flisefyr og Hidalen naturreservat: Lågurt eikeskog ved Flisefyr. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark

Naturfagleg kvalitet       

Området sin største og viktigaste naturkvalitet, er i følgje den naturfaglege registreringa knytt til det relativt store arealet med eldre, bøkedominert skog, som til dels er av rikare utforming.

Andre viktige kvalitetar er knytte til førekomst av gammal eikeskog, gammal rasmark-alm-lindeskog, rikare sumpskog og gammal barskog. Området har elles ei gunstig plassering både geografisk og høydemessig, noko som gjer at det er potensial for krevjande og sjeldne varmekjære artar med sørleg utbreiing.

Det er tidlegare registrert 17 naturtypar og 11 nøkkelbiotopar/ Mis (Miljøregistrering i skog) innanfor området. Totalt 19 rødlistearter er påvist innanfor reservatet etter år 2000. Dei fleste av desse er knytte til gamle edellauvtre (særleg bøk).

Flisefyr og Hidalen naturreservatet har regional verneverdi (**).

Naturreservata i Sandefjord

Lenke til faktaark i Naturbase

Robergvannet naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00001141

Nordre Skarsholttjønn naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00001215

Storås og Spirås naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003288

Dalaåsen naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002856

Veggermyra naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00000408

Napperødtjern naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00001140

Strandvika naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00001156

Hemskilen naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00000448

Fokserød naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00000347

Flisefyr og Hidalen naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002857

Akersvannet naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00001142

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.