Bål kan sette varige spor

Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Det er hyggeleg å kose seg med bål på dei første vårturane, men tenk deg om kvar du fyrer opp bålet. Her er nokre tips.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.03.2021

Uroa for skadar i uerstatteleg natur

- Også denne våren ser vi at mange allereie er ute og nyt naturen, og ikkje noko er  betre enn det, seier fagsjef Arne Christian Geving på miljøavdelinga hos Statsforvaltaren. – Men vi har fått inn mange bekymra medlingar om bålfyring i natur langs kysten der det gjer uoppretteleg skade.

Mange tusen års historie er øydelagt på ein augneblink – her ein rullestein som har sprekt av flammane til bålet.
Mange tusen års historie er øydelagt på ein augneblink – her ein rullestein som har sprekt av flammane til bålet. Foto: Statens naturoppsyn.

På ein augneblink er historia tapt

– Dei historiske formene med skuringsstriper etter isen tar berre eitt minutt med eit bål å øydelegga, altså mange tusen års formasjon øydelagt på ein augneblink, fortel Per Espen Fjeld frå Statens naturoppsyn. – Det same gjeld for områda vi har med fleire hundre millionar års fossil nord i Vestfold rundt Sandebukta, og sør rundt strekninga Skien til Langesund, fortel Fjeld.

Færder nasjonalpark har prøvd å illustrera kva som er godt og dårleg bålvett i nasjonalparken.

– Eksempla nedanfor meiner vi kan illustrera godt bålvett når ein er på tur langs kysten vår, seier Arne Christian Geving.

Tips til bål og grilling

Du kan ha eit lite kaffebål/grill på sand og smågrus så nært sjøen at restane blir borte ved neste høgvatn. 

Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Du kan fyre med eigen ved/kol på tilrettelagt bålplass.

Foto: Oslofjordens Friluftsråd.

Unngå å legga bål eller grill direkte i vegetasjonen. Det kan skade sårbar natur og føre til brann.

Bål eller grill direkte på svaberg eller rullesteinar kan gi skade for all framtid.

 

Bålforbod frå 15. april

Hugs òg på at det beste er å ta med eigen ved eller kol når ein fyrer, særleg der det er mykje folk og mange som forsyner seg av vegetasjonen.

Det er også bålforbod i skog og mark frå 15. april til 15. september. Det aller viktigaste er at ein sjøl alltid har ansvar for at det ikkje oppstår brann. Sørg og for at bålet er slokna når du forlèt området.


God tur!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.