Kvifor vil vi fjerne rukkerose (rynkerose)?

Rukkerose. Foto: Eli Fremstad, Artsdatabanken. CC BY4.0

Rukkerose er ei framand art i Norge som har teke over store område langs kysten i Vestfold og Telemark. Ho veks opp i staden for norske, heimlege planter. Dette får igjen konsekvensar for insekta. Statsforvaltaren ønskjer derfor å fjerne rukkerose i område med store naturverdiar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.08.2021

Bakgrunn

Rukkerose (Rosa rugosa) er ei kjend plante og mange har gode minner om ho frå besteforeldra sine hagar eller frå strandkanten. Rukkerose har vakre rosa eller kvite blomar og luktar godt. Men visste du at rukkerose ikkje høyrer heime her i naturen vår og at ho utkonkurrerer mange av våre eigne naturlege plantearter? Rukkerose kom sannsynlegvis til Noreg frå Øst-Asia som ein prydbusk på 1800-talet og har vore svært populær i parkar, hagar og veganlegg. Rundt 1930 begynte ho å spreie seg frå hagane og ut i naturen vår. I figuren under kan du sjå korleis registreringane av rukkerose har auka dei siste 90 åra. Rukkerose finst no i store delar av landet vårt og vi har ikkje moglegheit til å fjerne ho heilt frå naturen vår. Statsforvaltaren prioriterer derfor å halde rukkerose borte frå verneområda og område med store naturverdiar.

blobid1.gif

Registrerte førekomstar av rukkerose for kvart 10. år frå 1930 til 2020. Kilde: artskart.no

 

Negative effektar: Problemet med rukkerose er blant anna at ho dannar omfattande bestandar i mange forskjellige naturtypar, og ho spreier seg veldig lett. Dette har gjort at Artsdatabanken har klassifisert rukkerose med svært høg risiko (SE). Spesielt langs strendene våre (særleg i sanddynemark og strandenger som er trua naturtypar) veks det opp store kratt av rukkerose som gjer at trua og sårbare plantearter ikkje klarer å leve i desse områda lengre. Rukkerose kan også hybridisere (formere seg) med andre rosearter og dermed forureine det genetiske arvematerialet til dei naturleg heimehøyrande artene.

Rynkerose Hanne Thoen SFVT

Rukkerose kan danne store bestandar og utkonkurrere andre arter. Foto: Hanne Thoen, SFVT.

 

Spreiing
Rukkerose spreier seg både ved hjelp av frø inne i nypene som kan førast med havstraumar og fugl, men òg ved hjelp av krypande jordstenglar. Berre små bitar av desse jordstenglane kan føre til nye førekomstar.

Foto: Oddvar Pedersen CC BY4.0

Nypane til rukkerose kan bli spreidd med havstraumar eller fugl. Foto: Oddvar Pedersen. Artsdatabanken. CC BY4.0.

 

Lovgrunnlag og handlingsplan

Rukkerose er forboden å importere, plante og selje ihht. forskrift om framande organismar. Dei førekomstane som allereie er etablert i naturen vår er vanskelege å bli kvitt. Det er utarbeida ein eigen handlingsplan mot rukkerose

 

Tiltak mot rukkerose

Det er ikkje mogeleg å bli kvitt rukkerose med nedklipping og nedskjering då ho responderer på slik behandling med å spreie rotutløparar slik at planta får mange nye sideskot og aukar i omfang. Det er også vanskeleg og svært arbeidskrevjande å grave opp rukkerose då ein må grave djupt (opp til 3-4 meter) og alle rotbitar må fjernast då desse kan gi opphav til nye planter. Graving vil også endre vekseplassen fullstendig og auke faren for erosjon.

Det er mogeleg å halde rukkerose i sjakk med beitedyr, men beite vil vanlegvis ikkje kunne klare å utrydje ho heilt. Forvaltninga ønskjer å bruke minst mogleg sprøytemiddel i nedkjempinga av framande artar, men det er viktig å ha eit realistisk tidsperspektiv og leggje vekt på effekten av dei ulike metodane. Ein kombinasjon av mekaniske og kjemiske tiltak har vist seg å vere det som er mest effektivt i å fjerne rukkerose. Rukkerosa blir då sprøyta med glyfosat tilsett klebemiddel, med ryggtåkesprøyte, som gir god presisjon slik at omkringliggjande vegetasjon ikkje blir rørt. Det blir satt opp sperreband og informasjon på staden, og døde plantedelar blir skorne ned og destruerte på eigna måte etterpå. 

 

Men kva med insekta?
Mange insekt er tiltrekte av dei velduftande blomane til rukkerosa og mange lurar på kvifor vi vil fjerne ei plante som har så mange insekt på seg? Vi er også einige i at det er fint å sjå insekt som   humler summe rundt inne i rosene. Men det er likevel ikkje så enkelt som at det er fint med alle blomar som tiltrekkjer seg insekt. Det er fordi det finns arter (til dømes insektsarter) som er spesialistar på nokre få planter og er heilt avhengig av desse plantene for å overleve. Andre arter er avhengige av åpne strandområde, og desse forsvinn når rukkerosa gror i store kratt. Dersom vi lèt rukkerose ta over strendene vil alle desse artene som er avhengige av spesielle planter eller område dø ut.  

 

Konsekvensen av framande arter

Framande arter som rukkerose fører til at vi får eit mykje meir einsarta insektssamfunn. Artene i naturen er avhengige av kvarandre og det kan vere komplekse interaksjonar mellom desse. Det er ikkje alle slike interaksjonar vi har kunnskap om, men det vi veit er at eit mindre komplekst artssamfunn med færre arter er mykje meir sårbart for endringar, som for eksempel klimaforandringar. Vi ønskjer derfor å fjerne rukkerose slik at de naturleg heimehøyrande artene skal ha ein sjanse til å etablere seg igjen. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding