Mellombels løyve – Russmarken reinseanlegg

Hjartdal kommune har fått mellombels løyve til redusert reinseeffekt ved Russmarken reinseanlegg.

Publisert 01.10.2021

Hjartdal kommune skal bygge nytt reinseanlegg på Russmarken. Under bygginga vil avløp bli reinsa i eit mellombels reinseanlegg. Kommunen har søkt Statsforvaltaren om løyve til redusert reinseeffekt fram til nytt anlegg er klart, maksimalt inntil 31.12.2023. Statsforvaltaren har vedtatt å gi løyve til 80 % reinseeffekt for fosfor, 60 % reinseeffekt for BOF5 og 65 % reinseeffekt for KOF.

 

Vedtaket kan klagast på av parter i saka og andre med rettsleg klageinteresse.

Eventuelle klager må ein grunngi og sende innan 22. oktober 2021 til:

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no

 

Kontakt oss

Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding