Løyve til utslepp: Bygging av E18 mellom Rugtvedt og Langangen

Nye Veier har fått løyve etter forureiningslova til utslepp frå anleggsarbeid i forbindelse med bygging av E18 mellom Rugtvedt og Langangen.

Publisert 03.11.2021

Statsforvaltaren har behandla søknad om løyve til verksemd etter forureiningslova. Nye Veier søkte 6.7.2021 om løyve til utslepp av anleggsvatn frå tunnelarbeid, bruarbeid og arbeid i dagsoner, samt avrenning frå rigg- og deponiområder i forbindelse med bygging av E18 mellom Rugtvedt og Langangen. Oppstart av anleggsarbeid er planlagt hausten 2021 og anleggsperioden er forventa å vare i 4 år.

Statsforvaltaren gir løyve til tiltak på fastsette vilkår. For detaljerte rammer og vilkår vises det til løyvet. Vedtaket og løyvet ligger under dokumenter.

Vedtaket kan klagast på av parter i saka og andre med rettsleg klageinteresse.

Eventuelle klager må ein grunngi og sende innan 23. november 2021 til:

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no

Kontakt oss

Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding