Vrakpant - tilskot til innlevering av kasserte fritidsbåtar

Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

1 000 kroner får du når fritidsbåten din vert levert inn til eit lovleg avfallsmottak som båtvrak

Publisert 05.11.2021

Kasserte fritidsbåtar kan innehalde deler som kan skade miljøet. I tillegg kan det være farlege stoffer i båten, for eksempel frå botnstoff i skrog.

Kva for båtar kan få vrakpant?

Ein fritidsbåt er eit fartøy til sports- og fritidsbruk med skroglengde inntil 15 meter (49,21 fot), uavhengig av totalvekt, og som ikkje brukas til næring.

Mindre fartøy som seglbrett, kano, gummibåt med skrog og kajakk, inngår i tilskotsordninga.

Les meir om ordninga på heimesida til Miljødirektoratet. Her finn du og informasjon om korleis du skal gå fram for å få utbetalt kr 1 000 i vrakpant

 

Søknadsfrist

Båtar kan leverast heile året, men søknad må sendast i perioden 1. januar til 1. desember.

Spørsmål og hjelp

Spørsmål om søknadssenteret kan rettast til Miljødirektoratet på e-post esshjelp@miljodir.no eller telefon 951 23 500 (man - fre kl. 10.00 - 14.00).