Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Utsleppsløyve for nye Søbyholmen renseanlegg

Tønsberg kommune har fått løyve til utslepp av kommunalt avløpsvatn og overvatn frå Søbyholmen avløpsanlegg i Kirkevoll Brekkeåsen tettbygd område og tilhøyrande avløpsnett.

Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.

Publisert 23.11.2020

Fylkesmannen har vedtatt å gi Tønsberg kommune løyve til verksemd etter forureiningslova på visse vilkår. Løyvet omfattar utslepp av kommunalt avløpsvatn og overvatn frå Søbyholmen avløpsanlegg i Kirkevoll Brekkeåsen tettbygd område og tilhøyrande avløpsnett. Løyvet har ei ramme på 4 000 personekvivalentar (pe) og er gyldig frå 31.12.2022.

Vedtaket kan klagast på av parter i saka og andre med rettsleg klageinteresse.

Eventuelle klager må ein grunngi og sende innan 8. desember til:
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til fmvtpost@fylkesmannen.no