Utsleppsløyve for nye Prestestranda renseanlegg

Drangedal kommune har fått løyve til utslepp av kommunalt avløpsvatn og overvatn frå Prestestranda avløpsanlegg i Prestestranda tettbygd område og tilhøyrande avløpsnett.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.12.2020

Statsforvaltaren har vedtatt å gi Drangedal kommune løyve til verksemd etter forureiningslova på visse vilkår. Løyvet omfattar utslepp av kommunalt avløpsvatn og overvatn frå Prestestranda avløpsanlegg i Prestestranda tettbygd område og tilhøyrande avløpsnett. Løyvet har ei ramme på 4 000 personekvivalentar (pe) og er gyldig frå 27.11.2020.

 

Vedtaket kan klagast på av parter i saka og andre med rettsleg klageinteresse.

Eventuelle klager må ein grunngi og sende innan 8. januar 2021 til: 
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til fmvtpost@fylkesmannen.no

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.