Tilsynsaksjon avløp – kommuneleiinga sitt ansvar

Statsforvaltaren skal delta i nasjonal tilsynsaksjon i regi av Miljødirektoratet. Målet er å kontrollere om kommunen tar sitt ansvar for tilstrekkeleg reinsing av avløpsvatn og at kommunen ikkje tillet utbygging utan tilstrekkeleg kapasitet ved avløpsnett og reinseanlegg.

Publisert 23.08.2021

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark deltar i haust i ein landsdekkande tilsynsaksjon for kommunale avløpsanlegg som er omfatta av forureiningsforskrifta kapittel 14. Tilsynsaksjonen er initiert av Miljødirektoratet og er felles for alle statsforvaltarembeta i landet. Aksjonen skal gjennomførast i tidsperioden uke 33 – 39, 2021.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har varsla fem og vil varsle ytterlegare tre av våre kommunar at vi kommer på tilsyn. Vi har bedt kommuneleiinga delta da hovudmålet med aksjonen er å gjere kommuneleiinga på avløpssektoren ansvarleg.

Dagens situasjon

Situasjonen i dag er at mange tettbygde område (tettbebyggelse i forureiningsforskrifta) er utvida utan at reinsekapasiteten på avløp har økt tilsvarande. Det er også mange av avløpsreinseanlegga som ikkje oppfyller reinsekrava i forskrifta.

Miljødirektoratet har bedt Statsforvaltaren om å skjerpe inn handhevinga av krav som allereie er gitt for å sikre betre etterleving av forskrifta. I tillegg er Statsforvaltaren bedt om å revidere løyva trinnvis etter kvart som § 18 i forureiningslova gir grunnlag for det, og stille strengare krav. Dette for å bidra til at Norge gradvis skal kunne overhalde avløpsdirektivet og forpliktingane i EØS-avtalen.

Miljøkonsekvensar

Manglande etterleving av krava kan gi ulovlege utslepp av kommunalt avløpsvatn. Utslepp av organisk stoff og næringsstoff kan føre til overgjødsling (eutrofi), algeoppblomstring og fiskedød. Mangelfull reinsing kan også føre til økt utslepp av mikroplast og miljøgifter.

Mål for aksjonen

Målet for tilsynsaksjonen er å kontrollere at kommunane tar sitt ansvar for at heile det samla avløpssystemet er innretta i tråd med regelverket og gjeldande løyver, og at de har etablert rutinar som sikre at krava blir overhaldt over tid. Ein viktig målseting er å få kommunane til å forstå at de ikkje kan legge opp til å auke utsleppa av kommunalt avløpsvatn utan at reinsekapasiteten blir auka tilsvarande.

Aksjonen skal bidra til at kommunane etablerer og følger rutinar som sikrar at avløpssystemet er i samsvar med regelverket inkludert:

  • tilstrekkeleg reinsekapasitet om avløpsmengda er planlagt auka
  • kunnskap om regelverket og krav frå styresmaktene
  • oversikt over tilstanden til avløpssystemet og resipientar

Det er viktig at de som skal ta avgjerder i kommunen om f.eks. etablering av nye bustadområde eller næringsområde, har kunnskap om reinsekapasiteten og krava i løyver og forskrifter.

Hovudtema på tilsyn

Med utgangspunkt i målsettingane for tilsynsaksjonen er hovudtemaet tilsyn med kommunens etterleving av internkontroll knyta til krav i lov, forskrifter og løyver. Hovudtemaet inkluderer:

  • overordna styring og planlegging
  • kommuneleiingas forståing av mål og krav og kordan dei sikre at dei har god nok oversikt over egne utslepp og påverking på miljøet
  • kordan kommunen sikre at avløpssystemet fungerer godt og at krav blir overhaldt nå og i framtida

Lovgrunnlag

  • Avløpsdirektivet
  • Forureiningslova §§ 7 (forbod mot forureining) og 11 (løyve)
  • Forureiningsforskrifta kapittel 11 og 14
  • Interkontrollforskrifta

Forskriftskrav er juridisk bindande.

Oppsummering av resultat

Miljødirektoratet vil utarbeide ein rapport etter tilsynsaksjonen, der resultata frå tilsyna i heile landet blir summert opp.

 

Kontakt oss

Fungerende direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding