Stena Recycling AS avd Skien har fått endra løyve etter forureiningslova

Fylkesmannen har endra løyvet til Stena Recycling AS avd Skien til mottak og behandling av jernskrap og EE-avfall.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.08.2020

Fylkesmannen har totalrevidert løyvet slik at krava følgjer dagens praksis, krav etter industriutsleppsdirektivet, og er slått saman med løyvet til mottak og lagring av farleg avfall. Meir opplysningar finn du i dokumenta til høgre.

Klage på løyvet må sendast innan 14. september til Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg eller på e-post til fmvtpost@fylkesmannen.no