Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Rolf Grohs AS har fått permanent løyve til verksemd på visse vilkår

Rolf Grohs AS har fått permanent løyve til mottak og handsaming av ulike overskytande masser, rester av asfalt og betong ved Granmo sandtak.

Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.

Publisert 23.11.2020

Fylkesmannen har vedtatt å gi Rolf Grohs AS permanent løyve til verksemd etter forureiningslova på visse vilkår. Løyvet gjeld drift ved Granmo sandtak gnr. 221/bnr. 20 i Skien kommune.

Vedtaket kan klagast på av parter i saka og andre med rettsleg klageinteresse.

 

Eventuelle klager må ein grunngi og sende innan 15. desember til: 
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til fmvtpost@fylkesmannen.no