Regulering av kunstgrasbanar med gummigranulat

Frå 1. juli 2021 gjeld nye reglar med mellom anna strengare krav til fysiske barrierar rundt kunstgrasbanar, og krav om forsvarleg handtering av snø som inneheld granulat.

Publisert 02.07.2021

Gummigranulat frå kunstgrasbanar vert antatt å vera den nest største landbaserte kjelda til mikroplast i Noreg.

Kunstgrasbanar består av syntetiske grasmatter som blir tilsette gummigranulat. Omtrent seks prosent av gummigranulatet hamnar utanfor banane kvart år. Det er anslått at gummigranulat, kunstgras og anna fallunderlag fører til eit årleg utslepp av mikroplast på omtrent 6000 tonn.

Forskrifta er viktig for å redusera utslepp av mikroplast, og gjeld for alle idrettsbanar med plastholdig laust fyllmateriale som gummigranulat. Formålet med forskrifta er å hindra utslepp og spreiing av mikroplast.

Les meir om saka på heimesida til Miljødirektoratet.

Kontakt oss

Fungerende direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding