Midlar til opprydding i forureina grunn og sjøbotn

Formålet med tilskotsordninga er å bidra til gjennomføring av oppryddingstiltak i grunn på land og i botn i sjø og ferskvatn som er forureina med miljøgifter.

Publisert 05.11.2021

Kven kan søke?

  • statlege aktørar
  • kommunar
  • kommunale og interkommunale selskap/ verksemder, private verksemder og privatpersonar som har utgifter i samband med opprydding i forureina grunn og botn i ferskvatn og sjø 

Ta kontakt med Miljødirektoratet i forkant av ein eventuell søknad viss de er usikre på om de er innanfor målgruppa til postane.

Les meir om ordninga på heimesida til Miljødirektoratet.

 

Spørsmål og hjelp

Spørsmål om søknaden kan sendast til oppryddingstiltak@miljodir.no.

Spørsmål om søknadssenteret kan rettast til Miljødirektoratet på e-post esshjelp@miljodir.no eller telefon 951 23 500 (man - fre kl. 10.00 - 14.00).

 

Søknadsfrist

Frist for å sende Miljødirektoratet søknad er 10. desember 2021.